Kva er IMS (intramuskulær stimulering) ?
Ved IMS-behandling brukar ein akupunkturnåler for å behandle smerte og løyse opp stram/overbelasta muskulatur. Behandlinga er basert på vestleg, medisinsk undersøkelse og diagnose.

Smerter i rygg, nakke, hofte, lår, kne, legg, fot, skulder, arm og hand, samt hodepine, er døme på tilstandar ein behandlar med IMS. Behandlinga er effektiv ved triggerpunkt/myofasciell smerte og tendinopati (”senebetennelse”). IMS kan også nyttast for å restituere muskulatur etter trening.

Ved IMS forventar ein rask effekt og vi behandlar både akutte og kroniske plager. Vanleg behandlingsfrekvens er 1g/veke. Les mer på www.istop.org.

Kva er akupunktur ?
Akupunktur er ei gammal kinesisk behandlingsform som gjennom både lang erfaring og moderne medisinsk forskning har vist seg å vere ein effektiv behandlingsmetode med svært få biverknader. I kinesisk medisin ser ein på kroppen som ein heilskap som består av ei rekke vitale organ og energibaner (meridianar) som binder organa saman. I dette krinsløpet skal energien (qi) strøyme fritt og harmonisk. Dette er ei forutsetning for god helse. Det er ulike faktorar som kan påverke gjennomstrømyinga av qi, eksempelvis vil ein ubalanse mellom kvile og aktivitet, varme og kulde, feil kosthald, langvarig ubearbeida kjensler, emosjonelle sjokk etc kunne føre til at energien enten stoppar opp eller “løper løpsk”, og sjukdom og smerter er eit faktum. Hensikta med bruk av nåler er å få energien til å flyte gjennom krinsløpet igjen, slik at den kan utføre sine funksjonar, bl.a. gi næring til de vitale organene og beskytte kroppen mot ytre helseskadelige faktorer. Akupunktur stimulerer kroppens egne helbredelsesprosess.
Les meir på www.akupunktur.no.
 

 



-

     

_